Oppføringer av Kunnskapsparken Sogn og Fjordane

Vi inviterer til styrekurs i Sogndal

Lær meir om godt styrearbeid og god bedriftsutvikling med Rolf-Erik Disch frå Deloitte. Det er hyggeleg for oss i Sognefjorden Næringshage, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Sogn Næring og FUS å ønskje velkomen til heildags styrekurs onsdag 10. april 2019 på Campus Sogndal. Målgruppe: Styrerepresentantar og daglege leiarar i mindre og mellomstore bedrifter. Fokus på […]

Hugs å søkje SPV-fondet innan 10. mars

Få hjelp til din gode idé, med pengestøtte på inntil 300.000 kronar. Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane er ein fødselshjelpar for gode idear. Dei tilbyr pengestøtte på inntil 300.000 kronar per prosjekt og skal gi fødselshjelp til idear i ein tidleg fase, gjerne før dei får hjelp av verkemiddelapparatet. Dette gjeld gründerarar […]

Lege, sivilingeniør og småbarnspappa satsar på innovativ idé

Kvifor namnet Eyrsys? Eyr er den norrøne gudinna for legekunsten, medan «sys» står for system. – Utan starthjelp og finansiering hadde det ikkje blitt noko. Risikoen hadde vore for stor og eg hadde ikkje turt å redusere legejobben, fortel 45-åringen. Andreas Englin er utdanna både lege og sivilingeniør innan teknisk fysikk. Han har vore med […]

Vi ser etter fleire gode gründerar og prosjekt som ynskjer rask vekst

Kunnskapsparken driftar kontorlokalane FUS i Sogndal saman med Sogn Næring. Foto: FUS v/Falkeblikk. Vårt inkubatorprogram stig i tilskotsmodellen til SIVA. Dette er ein anerkjenning av våre resultat og tenester. Vi takkar for tilliten og vi skal fortsette å levere gode tenester som bidreg til å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og […]

Lokalt næringsliv med på forskingsprosjekt

Teknoløft Sogn og Fjordane har fått 40 millionar til å bygge eit sterkt forskings- og utdanningsmiljø som er relevant for næringslivet i fylket. I Teknoløft skal det byggjast eit sterkare teknologisk forsking- og utdanningsmiljø ved Høgskulen på Vestlandet og i Vestlandsforsking. – Vi skal byggje opp kapasiteten. Vi skal tilsette fleire professorar, doktorgradstipendiatar og utarbeide […]

Hels på vår nye trainee

Tuva Eide (25) har erfaring og eigenskapar som passar oss godt. Eide har ein fersk mastergrad i lomma, i entreprenørskap, innovasjon og samfunn frå NTNU Trondheim. Frå før har ho ein bachelorgrad i statsvitskap og språk frå Sør-Afrika. No har ho starta som trainee hos oss i Kunnskapsparken, med tittelen forretningsutviklar – noko vi er […]