Auka satsing på innovasjonsmiljø i Norge

Stortingsmeldinga som Trond Giske la fram før helga omhandla Innovasjon Norge og SIVAs noverande rolle, og kva rolle desse svært viktige virkemiddelaktørane skal ha i framtida.

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane er svært tilfreds med regjeringa si satsing på å styrka det næringsretta virkemiddelapparatet for å bidra til størst mogleg verdiskaping i norsk økonomi. I ”Verktøy for vekst” får SIVA ei styrka rolle som gjer dei i stand til å auka innsatsen for lønnsame investeringar og etableringar av næringsverksemd i Norge. Å utvikle industri- og kunnskapsklynger inngår også i satsinga.
Det er verdt å merke seg at Regjeringa har lagt merke til kunnskapsparkane og næringshagane, som SIVA og regionale aktørar har etablert og finansiert, er effektive aktørar for å fremja nyskaping og vekst. Inkubatorordninga er eit godt døme på dette.

SIVA skal legge til rette for etablering og utvikling av verksemder i nærings- og kunnskapsmiljø og bidra til at dei utviklar nettverk nasjonalt og internasjonalt. Gjennom etableringa av Forskingsparkar, kunnskapsparkar, inkubatorar og næringshagar, har SIVA vist veg for framtidas satsing på innovasjon. SIVA ønskjer ytterligare å styrke desse nettverka (privat næringsliv, FoU-miljø og offentleg verksemd) av leiande innovasjons- og kunnskapsmiljø i heile landet.

Lenke Stortingsmeldingen:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/nhd/dok/regpubl/stmeld/2011-2012/meld-st-22-20112012.html?id=680173