Airlift Solutions er ny inkubatorbedrift

Droneselskapet skal tilby framtidas logistikkutfordringar i lufta med ny teknologi – eit spennande case for inkubatoren vår.

Airlift Solutions AS er eit dotterselskap av Airlift og Transferd. Desse to verksemdene har lang erfaring og tung kompetanse på helikopter, luftfart og godstransport på land.

– Dette er ei svært spennande bedrift. Å knyte saman luftfartskompetanse med logistikk og tilby ulike dronetenester, er både framtidsretta, klimavennleg og innovativt. Bedrifta består av fleire dyktige personar, som er målretta, ambisiøse og framoverlente. Summen av dette gjer at vi har stor tru på bedrifta, og Airlift Solutions er eit spennande case for inkubatoren vår, fortel Roger Ulvestad i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Børre Eimhjellen

Stian Berger

Tre satsingsområde for droneflyging

Selskapet vart stifta i haust og mykje har skjedd på kort tid. Dei har mellom anna fått skissert tre satsingsområde, der dei ser eit behov og ein marknad for dronetenester.

– Dette kan endre seg etter kvart, men per no ser vi eit stort potensial her, fortel Børre Eimhjellen, ein av gründerane.

Eit av områda er infrastruktur og inspeksjon. Her er det snakk om å nytte dronar til å inspisere bruar, kraftleidningar, oljeplattformer eller andre installasjonar. Etter ein inspeksjon kan ein fly helikopter med mannskap, installere stillas eller nytte det som trengs for å gjere jobben. Ved bruk av drone i første ledd kan jobben bli langt meir effektiv, økonomisk og miljøvennleg.

Frå 15. februar har Airlift Solutions, saman med Airlift og Helitrans, hatt droneberedskap over heile landet. Foto: Airlift Solutions.

Eit anna område er søk og redning. Her kan helikopter og dronar samarbeide på ein smart og effektiv måte. Frå 15. februar har Airlift Solutions, saman med Airlift og Helitrans, hatt droneberedskap over heile landet. Med 10 dronar plassert rundt om, kan dei i dag nå heile landet innan to timer, i samarbeid med helikopter. Dette kan vere ein stor styrke i arbeid med søk og redning, bistand i forbindelse med brann eller andre overvakingsoppdrag, med tilbod om beredskap og kapasitet på kort varsel.

Siste satsingsområde er logistikk og helse. Er framtidas leveranse av medisinar og blodprøver gjort med drone? Her har dei mange spennande idear og planar føre seg.

– Vi jobbar med å gjere marknaden moden for våre tenester. Vi brukar mykje tid ute hos potensielle kundar og lar dei bli kjend med fordelen av dronar, fortel Eimhjellen.

Airlift Solutions er glad dei kan få hjelp til dette i inkubator. Kunnskapsparken Sogn og Fjordane tilbyr òg forretningsutviklarar og tilgang til eit nettverk og hjelpemiddelapparat.

– Det er veldig spennande å bli ein del av inkubatoren. Vi vil flytte inn på Peak Sunnfjord og sitte her ein del, i tillegg til å sitte hos Airlift på Bringeland. Slik håpar vi å bli ein del av eit miljø der vi kan møte andre bedrifter med like utfordringar og erfaringar. Vi kan lære av kvarandre og unngå dei same fellene – i tillegg til å få god rettleiing, fortel Eimhjellen.

Dronar eignar seg godt til å inspisere mellom anna bruar, kraftleidningar og oljeplattformer. Foto: Airlift Solutions.

Meir om inkubatorordninga vår:

Oppstartsbedrifter i tidleg fase får hjelp til forretningsutvikling hos oss. Inkubasjonsprogrammet er del av Siva sitt arbeid med å skape konkurransedyktige bedrifter og auke nasjonal verdiskaping.

Gründerar og bedrifter i inkubasjon får kontorplass, kursing og rådgjeving slik at dei raskt kan gå frå idé til kommersialisering.

Les meir her.