Utvikling og vekst ved produksjon av fornybar energi

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Sogn og Fjordane har vore partnarar i SECRE (Social Enterprises in Communities Renewable Energy). 12 partnarar frå Norge, Finland, Sverige, Island, Nord-Irland, Irland og Skotland har delteke. Programmet har vore finanisert av NPP (Northern Periphery Programme) saman med den enkelte partnar. Les meir om SECRE her.

Produksjon av fornybar energi har vore i fokus, og målet har vore utvikling og vekst lokalt og regionalt der ressursane er. Det handlar om kunnskap og bevisst forhold til pengeflyten som produksjon av fornybar energi skapar. At pengeflyten kan skape vekst og utvikling der verdiane blir skapt. Alle partnarane i SECRE har beskrive fleire slike anlegg for fornybar energi, der pengeflyten og overskotet blir ført attende til lokalmiljøet. Det vere seg overskot frå vindmøller, biogassanlegg, geo-termisk energi eller vannkraft.

Vårt bidrag har mellom anna vore Fjordvarme as sitt anlegg i Eid kommune. Det er eit svært godt eksempel på sosialt entreprenørskap, lokal glede og nytte av verdiskapinga der verdiane er. Som ein del av vårt bidrag til SECRE-prosjektet har vi fått laga ein film som synlegjer dette. Falkeblikk as har produsert filmen, som vart vist første gang på avslutningskonferansen for SECRE i Enniskillen i Nord-Irland 12 mars i år. Då vart Fjordvarme as presentert (les meir om Fjordvarme as her) og filmen vist i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane sitt innlegg på konferansen. Filmen Common Power kan du sjå her.