40 nye arbeidsplassar i kjølvatnet av næringsfond støtta av Sparebanken Vest

Sidan 2008 har Sparebanken Vest sitt næringsfond delt ut oppstartsmidlar til personar og bedrifter med gode, nyskapande og framtidsretta forretningsidear. No ønskjer styreleiar Bernt Bergheim nye idear velkomen til vurdering.

Sparebanken Vest si næringsstifting vart etablert i 2007, og den første tildelinga fann stad i april 2008. Sidan den gongen har 30 gründerar fått støtte, noko som har resultert i 28 nye arbeidsplassar. Økonomidirektør i Lerum, Bernt Bergheim, har vore styreleiar sidan oppstarten:

– Det har vore kjekt å vera med på det grundige arbeidet som har vore gjort sidan Sparebanken Vest tok initiativ til å etablere stiftinga, som har vorte eit viktig bidrag i næringsutviklinga i Sogn og Fjordane, seier Bergheim.

Det er også høve for allereie etablerte bedrifter å søkje støtte til nye prosjekt. Tildelingar frå SPV-fondet har såleis hatt ringverknader for om lag 40 arbeidsplassar.

Kunnskapsparken i Sogn og fjordane er saksbehandlar på vegner av styret i næringsfondet, og tek i mot, førebur og legg sakene fram for handsaming og avgjersle i styremøta, som vert halde ein gong i kvartalet

– Gjennom vårt samarbeid med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane vert vi ein naturleg del av utviklinga for mange nyetablerarar, sier Bergheim.

Kritisk fase for realisering av gode idear

Det å få gjort nokre innleiande vurderingar av kritiske områder i ei ny verksemd/forretningsidè vil ofte vere ein føresetnad for at ein kan gå vidare for å søkje støtte hjå til dømes Innovasjon Norge eller hjå meir profesjonelle investorar.

Døme på dette kan vere enkle marknadsundersøkingar eller få høve til å sjekke ut om ideen kan vera mogleg å ta patent på.

– Dette er område som styret vurderer som kritisk for at ideen skal kunne utviklast vidare, og for å kunne gje tryggleik for at verksemda klarar å etablere ein forretningsmodell som er levedyktig, seier styreleiaren.

Etter kvart som søkjaren får etablert ideen og forretningsmodellen sin litt meir er det naturleg at dei går vidare til Innovasjon Norge, deltek i ulike etableringsprogram og seinare eventuelt får reist nødvendig kapital frå bankar eller profesjonelle investorar.


Arild Nybø (t.h.) i Mediebruket AS var ein av dei første mottakarane av støtte frå Sparebanken Vest-fondet i 2008. Mediebruket har i dag 4 årsverk, og i januar var han deltakar på Framtidsfylket si rekrutteringsmesse i Bergen – på jakt etter å knyte kontakt med potensielle arbeidstakarar. Her i samtale med regionbanksjef Olav Hjelle. Foto: KPSF.

Følgjer med vidare

Styret i stiftinga prøver å følgje med utviklinga til dei verksemdene som har fått støtte.

– Det er gledeleg å sjå at mange av verksemdene har teke steget over i neste faste. Nokre jobbar framleis med å stabilisere seg i ein etableringsfase, medan andre har komme så langt i utviklinga at det har vore naturleg å få profesjonelle investorar med på laget for å kunne løfte verksemdene vidare, seier Bergheim.

Andre etablerar har gjennom dei innleiande vurderingane kanskje komme til at den opprinnelege ideen ikkje har vore levedyktig, og har gjennom støtte frå fondet fått viktige innspel til å kunne tilpasse forretningideen.

– Dette er òg ein viktig del av stiftinga sitt fokus, avsluttar Bernt Bergheim

Sparebanken Vest sitt næringsfond er organisert som ei stifting med eit eige styre. I tillegg til styreleiar Bernt Bergheim er styret samansett av Oddrun Midtbø, Aaslaug Stadheim Ese, Kjartan Longva, Wilhelm Gjertsen og Otto Herman.

Les meir om næringsfondet på nettstaden til Sparebanken Vest , eller kontakt Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane for meir informasjon:

Jøril Hovland
tlf: 48 21 97 80
e-post: joeril@kpsf.no

(Foto, Bernt Bergheim: Framtidsfylket)